onsdag 19. november 2008

To huer og bil i hagen!

Dagens rapport vart meir spennande enn eg hadde tenkt meg... Vi fekk brått besøk av ein bil i hagen! Jaja, i alle fall i skråninga ned til vår parkeringsplass. Det er ikkje veldig bratt, og det er ikkje langt ned, men bilen hadde ikkje bakkekontakt på bakhjula:)

Vi hadde ei hyggelig stund saman med dei uheldige bileigarane. Vi kjenner dei frå før, eg syng i kor saman med mannen og dei er i omgangskretsen til foreldra mine. Så skal eg ikkje avsløre meir om kven dei var!
Dei skulle berre rygge ut frå nabohuset, fordi det der ikkje var plass til å snu i kveld. Det er eit stykke å rygge dersom du ikkje vil snu utanfor vårt hus. Så mannen la over etter å ha passert garasja vår. Dessverre var det ikkje veg der. Min kjære fekk bygge opp under det eine hjulet, og låne ein bil på rett side av havaristen. Det hadde nok ikkje gått an å rygge vidare ned på plassen til oss.

Eg syns det var litt morsomt med bloggmat;) Og det gjekk bra med plantene i skråninga.

Elles har eg strikka eit par huer.
No er eg i ferd med å strikke opp Topp te tå-garnet mitt. Fort gjort!

Eg veit ikkje kven som skal bruke desse enno, men eg trur at eg må leite etter eit litt stort hovud til den med fleirfarga striper.

1 kommentar:

Anonym sa...

så flotte luer du har laget:)

Verden er jammen ikke stor.
For ett års tid siden hadde vi en bil inn i veggen her!

Nå står det en pakke i yttergangen å venter på og legge ut på en reise ned til deg.
Håper den faller i smak og at du kan ha glede av den frem mot jul:)