tirsdag 2. desember 2008

2. desember

...den andre dagen i Blåfjell :)

I dag har vi kosa oss med skogsfest i barnehagen. Nydelig ver, stjerneklart og kaldt. Det er ikkje vanskeleg å kle på seg nok, så lenge det ikkje regnar og bles, så vi hadde ei fin stund i skogen. Nissefar og nissemor kom på besøk, borna song julesongar, vi gjekk rundt juletre med lys i nattemørket. Dessverre er kameraet mitt ikkje heilt bra på nattbilde. Så du får berre sjå for deg kor fint vi hadde det:)

Men heime er det også stas! Her er min kalender:

I dagens pakke fann eg to søte oppskrifter på Barbiekjolar, og tips om at det er fleire å finne på denne nettsida.
Sticka till Barbie!


Skulen vår er framleis under ombygging. Men litt er som før. Mellom anna er julekrybbene framme. Desse er laga av elevar for nokre år sidan, og dei får kome fram igjen kvart år, i gangen slik at alle kan sjå dei.

1 kommentar:

Unknown sa...

Så morro med denne kalenderen, jeg angrer på at jeg ikke meldte meg på.
Ønsker deg en flott adventsuke :-)