tirsdag 23. desember 2008

Dagen før dagen!

Sjå her, kva eg fekk i kalenderen min i dag!
Ei nål som Annie har laga til berre meg:) Denne skal brukast!! Eg ser for meg at eg kan dandere sjerf litt kult, og så pynte opp med denne i tillegg, betre kan det ikkje bli.

I dag er farmor 95 år. Det måtte vi sjølvsagt feire. No har vi vel feira alle bursdagar før også, men det er klart at med slike runde dagar må vi markere litt ekstra:)

Det var visst 24 vaksne og 5 born samla, og då er til og med 9 av mine nærmaste i Kina i jula... Her har nokre av syskenborna mine brukt fakkelbokser utanfor stoveglasa. Lekkert:)

Juletreet er på plass, frå eigen skog. Neste år vil eg ha eit lite, tjukt eit. Då vert pynten litt mindre strekt;)

Eg har visst ikkje vist fram pakke nr. 22, så den kjem her. Oppskrift på korleis eg kan lage filtblomster, og litt perler, magnet og nål til å feste på baksida av ein slik blomst. God ide!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg titter innom her hos deg, for å ønske deg en riktig god jul! :)

solveig sa...

Det er ein imponerande alder! Flott å kunne feire 95!
God jul til dykk!

Anonym sa...

Ønsker deg og dine en gledelig jul!