onsdag 31. desember 2008

Godt nytt år!

I dag er det slutt på kalendaren, oppdaga prinsessa. Jammen har ho rett i det. Det er snart slutt på 2008, og vi må trene oss på å skrive 2009.

Eg står på kjøkenet i dag, og lagar middag til 9 eller 10:) Eg veit ikkje heilt om kjærasten til Musikanten kjem til middag, eller om ho kjem seinare. Mat er det i alle fall nok av... Vi har det same i dag som julafta, det vil seie svineribbe (litt tørka og steikt i bitar), pinnekjøt, mår, poteter, surkål og rødkål, rabbestappe. Nam!
Og medan eg skriv. lagar eg riskrem til dessert. Vi skal ha karamellpudding også, men det er godt med alternativ, ikkje sant?

Eg har strikka eit par små vottar, utan oppskrift. Desse er til minstemor, og ho likte dei godt.

2 kommentarer:

solveig sa...

Godt nytt år!

Anonym sa...

Innom for å ønske deg og dine ett riktig godt nyttår. Baktus sjalet ditt hadde en riktig så fin farge.