torsdag 1. januar 2009

Ein ekstra julekveld

Sidan foreldra mine var i Kina i jula, saman med alle dei tre systrene mine, vart det ei ekstra feiring i går. Då hadde vi foreldra mine, ei syster og ein svoger på besøk til middag og alt det andre som brukar å fylgje med nyttårsfeiring. I tillegg hadde vi julegåver under treet!

Det var litt gåver til dei fleste, og nokre av gåvene kom direkte frå Kina!
Her er jentene i kjolar frå Kina. Det var to prinsesser i huset utpå kvelden i går!


Og så hadde vi sjølvsagt litt fyrverkeri. Prinsessa var våken heilt til midnatt, det er fyrste gong! Gullungen på 2 var tøff i starten, men oppdaga fort at dette var nifse greier. Så då ho var ute og skulle tjuvstarte litt, bad ho tynt om å få lov til å gå inn att. Ho grein og ville heller legge seg. Også i dag vart ho redd då det var eit smell ute. Håper det går over til neste år!


Her er ein liten skatt til meg:
Knappar rett frå Fabric Market i Shanghai. Til meg! Heldige meg, ikkje sant? Eg veit ikkje kva eg skal bruke dei til enno, men dei tek ikkje så mykje plass, så dei skal få bu saman med dei andre knappane mine og akklimatisere seg ei stund.

3 kommentarer:

Annika sa...

Av og til er eg litt treg, men no kobla eg at du og Marte truleg er søstre;)

Kjekt med ekstra julekveld då! Og takk for gratulasjon ;)

Forresten, prøvde å svare deg på mailen, men den kom i retur. Hukommelsen er elendig. Kva møte var det eg skulle notere på? Aha, no huskar eg kanskje? Var det kombinert gruppemøte og styremøte? Eg må leite i papira mine litt.. det var vel gjerne om legevaktsaka?

Nunne sa...

OI, knapper rett fra Shanghai....
Jeg er så glad i knapper, og bruker endel på ting jeg strikker, så det stoppa øyet mitt her inne.

Men, kjolene var fine, de også, så klart!
Godt nytt år, fra Nunne.

Maria sa...

Så koseleg å sjå bilete frå juleferien! Såg det Bris-garnet her ein dag, spørs om ikkje det må bli testa ... Veldig spennende med gåver frå Kina, då - så kjekt det må vere for jentene med slike fine kjoler! :) Godt nytt år til deg, og god helg. :)