tirsdag 3. februar 2009

Kven har ete kabelen til kameraet?

Berre tilstå med det samme. Nokon må ha ete den, for kabelen er borte vekk. Eg veit at eg hadde den for eit par dagar sidan, men kvar er den no??

Uansett kan eg fortelle kva eg har bilde av. To par raggsokkar som skal gjevast til ei herlig jente som skal på leirskule. I dag skal eg på besøk til dei, og hjelpe litt med å sjå kva klede og utstyr som må vere med. Og kanskje låne vekk litt. Dei to sokkepara har eg lova vekk tidlegare, så no må eg innfinne meg med dei. Det eine er eit klassisk restegarnprosjekt: Tre halve nøste som tilsaman vart eit par med like striper:) Måtte jobbe litt for å få til det....

Eg skal leite litt til etter kabelen, så eg får legge ut bilde!

Uansett har eg ikkje bilde av det eg har styrt med i helga. Laurdag var eg på fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Venstre, det var spennende. Har aldri prøvd slikt før, og det var ikkje noko dårleg oppleving:) Kan nok finne på å bli med fleire gongar.

Søndag var enda betre. Då hadde koret "mitt" konsertar, og det gjekk veldig bra! Det var dessverre ikkje så mange som hadde funne vegen dit, men kommentaren frå ein publikummar etter den fyrste konserten var: "Stakkars dei som ikkje var her!"

Vi hadde med ein sopransolist, ein fantastisk pianist og ei svært dyktig dame med saksofon. Eg hadde tendensar til gåsehus, for det var rett og slett ei god oppleving å vere med på ein konsert der det meste var veldig bra. Kjekt! Skulle gjerne lagt ut musikken på bloggen, men har ikkje funne tak i den. Så då for dokke berre tru på meg...

2 kommentarer:

nragnhild sa...

Argh... Sånne ting er irriterende! Her forsvant kabelen først, og nå i helga har jeg glemt igjen kameraet mitt langt unna hjemme... Men lenge leve telefonen! :D
Nå er det snart helg - kos deg :)

Pål André sa...

...Den va gode.