mandag 23. mars 2009

Lappeteppet er ferdig


Dette var eit resteprosjekt som kunne ha blitt liggende i årevis. No bestemte eg meg for å berre fullføre det, medan eg hadde eit snev av inspirasjon. Det som stod att var å feste trådar, hekle svart kant rundt lappane og hekle svart kant rundt heile teppet.

No er det gjort! Jentene har adoptert det med ein gong... Det er passe stort til å legge over ei jente i sofaen, eller til å legge over beina til ein vaksen. Og sidan det er strikka av alpakka, er det veldig godt og varmt!

6 kommentarer:

solveig sa...

Ein fin fargeklatt!

Hannes hage sa...

Alpakka er bare så godt og varmt, og ikke for tungt garn. Flott teppe!

Annika sa...

Oi, du har vore rask å bli ferdig! Var ikkje det i forrige veke du presenterte ein lapp eller to? Men når eg tenker meg om, veit eg jo at du er produktiv på handarbeidområdet!

Frau Putz sa...

Respekt! Du blev færdig... Det var jeg ALDRIG blevet. Jeg hader, hader, HADER at hæfte ender og sy ting sammen... Måske er det derfor jeg elsker at strikke sokker. Så er der kun 4 ender, der skal hæftes :o)

Vældig fint tæppe i glade farver.

Elin sa...

Ser varmt og kjempedeilig ut. Fargerikt og fint.

Linda sa...

Flott restegarnteppe du har laga. Det er fint å få brukt opp alle restane, men det er så kjedelig å festa alle trådane. Eg har eit restegarnprosjekt eg og.......lenge til eg er ferdig.