fredag 20. mars 2009

Sjuk. Ikkje gøy.

EG er sjuk! Ikkje så reint lite irriterende, eg brukar aldri å vere sjuk! Det er ganske ok med sjuke born, så eg må vere heime frå jobb. Slike dagar kan eg få gjort litt i heimen også, innimellom pleie av den sjuke.

Men det er ikkje verken morsomt eller praktisk å vere sjuk sjølv. Det starta i går kveld, med kvalme og hovudverk, og eg la meg tidleg. Sov elendig, slik ein gjer når ein ikkje er heilt frisk. Og i dag vurderte eg alvorleg om eg skulle vere heime. Men så hadde eg lova å vere vikar i 2. klasse i dag... Så eg tok ein paracet og gjekk. Angra som ein hund ganske tidleg. Men det går jo bra så lenge ein er i litt jamn aktivitet!

Eg er så heldig at eg har kort dag fredag, så eg kunne gå heim tidleg. Nokre fordelar skal ein ha, når ein jobbar 80%. Eg enda på sofaen, med null innsatsvilje og pågangsmot. Det vart både henting i barnehage, middag og handletur likevel, med pausar av og til.

Jaja, det er jo greitt å ta livet med ro. Men no er det slik at Musikanten skal feire 18-årsdag både laurdag og søndag.... Dermed er det nokre småting som krev ein innsats!

Så no skal eg bevege meg ut på kjøkenet, og sjå om det kan bli kake. Kanskje.

6 kommentarer:

Annika sa...

Huff då - det høyres ut som vi er råka av det samme. Beklager om eg hadde med smitte på onsdag... Eg har vore heime både i går og i dag.

Håper det går over snart, for oss begge:)

God bedring, og god helg!

solveig sa...

Gje deg over! Slapp av. Spar er full av gode isar til halv pris.... Inga krise utan kake.
Lat karane ordne opp sjølve!!! Det greier dei!
God betring!

Hannes hage sa...

Riktig, riktig god bedring, og god helg!

arieldog sa...

Forstår veldig godt korleis du har det! La resten av familien fikse selskap, legg deg ned og slapp av til du vert frisk. god betring!

Maria sa...

Uff, det var leit at du er blitt sjuk. Heilt einig med resten her, dette klarar mannfolket heilt fint åleine! Håpar du får slappa av og bli frisk. Synd med den rosa vesten også, forresten - utruleg irriterande når slikt skjer!

Anonym sa...

Hei. Ny dame med kommentar på bloggen min, koselig det. Har kost meg litt med din blogg no. Du har ein flott blogg.
Stakkars deg som er sjuk da, men det går berre ein veg no veit du.
Kvar på sunnmøre høyrer du til. Er opprinnelig sunnmøring sjølv. Bor i Høyanger i sogn og fjordane no.
Lenker deg eg.