tirsdag 14. april 2009

Vårreingjering, heilt lokalt:)

Eg har ikkje for vane å sette igang store vårreingjeringar. Men då eg pakka til hyttetur i påska, kom eg på at eg skulle rydde litt i boda. Det var svært nødvendig, for å seie det som det er.

I ettermiddag og kveld har eg kosa meg med å romstere rundt på boda, gå gjennom litt julepynt, redusere talet på kasser, plukke saman påskepynt og lage ei lita kasse til det. Mine gamle seilarstøvlar fekk marsj-ordre, dei har uansett ikkje vore i bruk på mange år. Dei gamle stolputene til kjøkenstolane sameleis... Og kvifor skal eg ta vare på alt mogleg rusk, som eg eigentleg ikkje kjem til å bruke nokon gong??

No er golvet synleg igjen. Hurra!

I morgon skal eg kanskje gå vidare på neste rom?

5 kommentarer:

Irene sa...

Så flink du har vært!

Kult skjerf du har strikket i bilen også :-)

AnnetteK sa...

Godt jobba!

Skulle hatt en sånn runde, flere plasser i huset jeg også, men det er det med å komme i gang da....

Annika sa...

Det e so godt å få rydda unna litt, og en god følelse å kaste/gi vekk litt so he leie altfor lenge også!

Flinke!:)

solveig sa...

Eg fekk eit liknande "anfall" i påska. Eg drog fram alle dusjsåper, sjampoar og balsamar frå skapa. No skal talet ned til ein av kvar. det same gjeld ein del vaskemiddel.
Vi samlar på så altfor mykje!

Pål André sa...

Du skal i alle fall ikkje inn på romet mitt - ej skal barikadere døra og spikre igjen glasa.