Ser ikkje dette godt ut? Eg vart frista til å bake hamburgerbrød etter ei økt på skulekjøkenet. Det er kjapt gjort, og vert mykje betre enn dei kjøpte! Du kan godt få oppskrifta:)
Eg har også plukka opp eit smart tips. Deiga vart kjevla ut og så brukte vi tome hermetikkbokser til å stikke ut brød. Dei små til ananas er akkurat passe! Eg hadde ikkje slike bokser klare, og mine brød vart litt for store.
Hamburgerbrød, ca 12 stk.
25 gram smelta smør
4 dl lunka vatn
1 pk gjær
1 ts sukker
1 egg
8-9 dl kveitemjøl.
Bland alt saman, og elt godt. La heve.
Kjevle ut deigen, ca 2 cm tjukk. Stikk ut brød med ei tom hermetikkboks.
Etterheving.
Pensle med egg, strø på sesamfrø.
Steikast på 225 grader, midt i omnen. 10-15 minutt.
4 kommentarer:
Mmm. De så deilig ut. Takk for at du deler opskrift.Smart fremgangsmåte.
Vil ønske deg en fortsatt vidunderlig helg
Å, nå ble jeg sulten, ser så godt ut!
Lækkert. Jeg elsker hjemmelavede burgere.
NU ved jeg, hvad jeg skal lave til familien i aften :o)
Takk for oppskrift.
Har testet den i dag, og den var SUPER!
Legg inn en kommentar