søndag 28. juni 2009

Skremmande nyheiter, brann i Eiksundtunnelen!


Vikebladet har i kveld hatt den verst tenkelege hovudsaka for oss på øyane her. Det vi ikkje vil tenke på, har skjedd. To bilar har truleg frontkollidert i tunnnelen, og det vart ein brann som følge av dette. Eg veit ikkje kor alvorleg det er enno, men det er dessverre stor fare for at dette kan verte eit av dei verkeleg triste nyheitsoppslaga.

2 kommentarer:

solveig sa...

Ja, eg sit her og følgjer med på nettsidene. Ein håper at det ikkje er nokon ein kjenner. Men det er sjølvsagt egoistisk. Det er trist same kven det er. Ein slik smell front mot front hadde nok fått same følgjene utanfor tunnelen. Den har vore i det området farten ofte er størst. Men er der ikkje to baner? Det nyttar ikkje å spekulere...
Dette er frykteleg trist, og vi har hatt for mange triste trafikkulykker her i det siste!

mimouna sa...

Fæl ulykke det der, trist med de som omkom. Skremmende når man er avhengig av å kjøre gjennom slike tunneler.