tirsdag 7. juli 2009

Opplev Hareid

Det har nettopp vore liv og røre i bygda. Det er ikkje alltid det skjer så mykje, for å vere heilt ærleg. Men no har vi hatt masse aktivitet siste dagane, inkludert Return-konsert som eg høyrde frå soveromet;)

Tivoli høyrer også med på slike dagar, og det var mange som berre måtte innom der... Berre legg godt merke til fargen på himmelen. Stor suksess å "måtte" vere ute nokre timar i slikt ver.

Det er neppe tilfeldig at minibanken like ved gjekk tom for kontantar i løpet av helga:)


Søndag var vi på Open gard på Teigane, og der sprang gullungen på hønejakt... Hønene er vant til å bli handterte av born, og fann seg i det mest utrulege.

1 kommentar:

sissel sa...

noen helger for tidlig, kommer den veien om 2 uker ;) Ser på værmeldinga at dere har fint vær enda ( var oppover i slutten av juni)Er ifra Ulsteinvik, flytta ut for 28 år siden , uff så gammel jeg plutselig følte meg *hihi*