søndag 30. august 2009

Forsinka blogging om Rundetur

Forrige helg var vi på tur til Runde fyr. Det var ein flott tur! Eg har vore der eit par gongar før. Det er ikkje kvar gong vi er på Runde at vi tek turen ned til sjøen og fyret. Det vert mykje oppoverbakke i begge endar på den turen:)

Desse fann vi ved starten av turen. Det ser ut som om dei har det fint utan å oppsøke noko nedlagt fyr. Men vi ville vidare.
Det er ganske langt ned til fyret... Litt bratt her og der, men ein flott tur.Prinsessa på 6 år gjekk heile vegen, medan minstemor ville site i beremeisa. Ho hadde nok uansett ikkje klart å gå i dei bratte bakkane. På fyret er det mogleg å overnatte, det er turistforeninga som står for det. Då vi var der, var det tomt. Vi hadde ikkje nøkkel, men hadde stor glede av å bruke uteområdet. Vi hadde med stormkjøken og laga god mat.

Det såg ut til å vere klart for regn snart, men det kom ikkje regn denne dagen. Dette biletet er teke rett før vi kom tilbake til startpunktet.

1 kommentar:

Unknown sa...

Runde!
Det er mange år siden jeg var der. En flott øy! Var på tur der med skolen da jeg gikk på Høgskulen i Volda. Fikk en rundtrur med båt rundt øya. Flott, flott, flott!!