Desse fann vi ved starten av turen. Det ser ut som om dei har det fint utan å oppsøke noko nedlagt fyr. Men vi ville vidare.

Det er ganske langt ned til fyret... Litt bratt her og der, men ein flott tur.Prinsessa på 6 år gjekk heile vegen, medan minstemor ville site i beremeisa. Ho hadde nok uansett ikkje klart å gå i dei bratte bakkane. På fyret er det mogleg å overnatte, det er turistforeninga som står for det. Då vi var der, var det tomt. Vi hadde ikkje nøkkel, men hadde stor glede av å bruke uteområdet. Vi hadde med stormkjøken og laga god mat.

Det såg ut til å vere klart for regn snart, men det kom ikkje regn denne dagen. Dette biletet er teke rett før vi kom tilbake til startpunktet.
1 kommentar:
Runde!
Det er mange år siden jeg var der. En flott øy! Var på tur der med skolen da jeg gikk på Høgskulen i Volda. Fikk en rundtrur med båt rundt øya. Flott, flott, flott!!
Legg inn en kommentar