søndag 20. september 2009

Strikkehelg på Ørskogfjellet

Tusen takk til Ronille, Wencha, Trollmor og Kristin Helene på hobbyboden for å ta initiativ til ei herleg samling på Ørskogfjellet! Dei har gjort ein kjempejobb!

I tillegg kan vi nemne at vertskapet var veldig imøtekomande, laga god mat og kunne tilby god plass til knapt 50 damer væpna med strikkepinnar og garn. Hyttene var ikkje så store, men det var heller ikkje nødvendig. Vi skulle jo berre sove der:) Vi tilbrakte dei aller fleste timane denne helga i andre etasje på Fjellstova på Ørskogfjellet.

For dei som hadde lite garn i heimen, eller berre hadde lyst på noko nytt, var det gode muligheiter til å handle. Fleire av damene stilte med garnsalg frå ulike butikkar, og eg handla ørlite;) Det vart vel 1200 gram meir i heimen etter at eg kom heim... Nokre av garnnøsta var gåver frå damene i bresjen for helga. Vi vart nemlig tekne imot på aller beste vis: Alle fekk posar med eit par garnnøste i, og nokre ultrasøte miniatyrnøste frå Järbo. Dei trur eg er best egna til pynt!

Eg var så heldig å dele hytte med Elligo og Toneab, og kunne ikkje valt betre damer å dele krypinn med.

Det vart mykje tid til strikking, og skravling. Støynivået var ganske høgt til tider;)

I det nydelege veret var det godt å la fingrane og hjerna koble ut litt. Vi gjekk ein lang og god tur i varm haustsol.


Eg har strikka litt:)

Eg fekk ferdig eit skjerf, og så kom eg ganske langt på eit par sokkar og ein topp.




PÅ vegen heim fekk eg til og med vere litt kulturell. Det var Musikanten som var på scenen saman med Big Odd Band, leia av Odd Fossum. Dei er eit storband med korrekt besetning, så vidt eg veit:) Og dei som spelar er stort sett i alderen 15-20 år. Svært dyktige, og svæææært sjarmerande.

9 kommentarer:

amylin sa...

Takk for en kjempekoselig helg!

toneab sa...

Takk også for meg for ei trivelig helg! Det var over all forventing! Hyggelig å bli kjent med deg :-)

sissel sa...

Så koselig at dere hadde det fint, hadde fryktelig lyst å dra men har ikke turt planlegge noe pga mammas sykdom. Men nestegang daaaaa blir jeg me :)
Ha ei flott uke :)

ToveLisbeth sa...

skulle veldig gjerne vært med på strikketreff, hadde eg. meldt meg på. Men så var det basaren, og Johan - en av sønnene mine - kom hjem sammen med sin kjæreste. Da ville jeg ikke reise vekk. Regna med det var veldig kjekt

Wenche sa...

Takk for ei trivelig helg. Vi kosa oss skikkelig. Vi er klar for neste treff vi.

Sjarmtroll-Unni -Kystcavalieren sa...

Heia!
Ser ut til at dokke hadde det koselig! Neste gong blir eg med ;)
Helsing
Unni

LindaN sa...

Takk for koselig samstrikk - kjekt å bli kjent med deg :)

Judit sa...

Ja der skulle jeg sikkert ha vore, det var sikkert kjempekjekt. Og det ser ut til at dokke rakk meir enn berre strikking:-)
Blei forresten veldig sulten av det matbildet under, krabber og anna sjømat hmmmmmm!

AnitaK sa...

Takk igjen for ei super helg, var utrolig artig å endelig treffe deg på orntli' siden vi allerede hadde snakket sammen på tlf. Men i mitt hode skulle du av en eller annen grunn ha langt hår :)