Det er ikkje mange morgonar vi har sett sola i det siste. Det er heller ikkje ofte vi har sett sola i løpet av dagen... Til gjengjeld har vi sett meir enn nok regn. Kanskje er det difor eg vert så ivrig når eg ser dette om morgonen:Eg skal straks og med ein gong innrømme at det gjekk over. Regnet kom i dag også...
Men når det no er regn stort sett uansett når du ser ut, er det greitt å vere inne. Og då er det koselig å vere på kjøkenet, saman med ein eller fleire gode hjelparar. I dag hadde Prinsessa besøk av ei venninne, så då vart det til at Gullungen på 3 og mamma laga bollar og skulebollar.
Vi fekk god hjelp til å ete:)
Denne morgonkåpa fekk Gullungen av supertanta si i bursdagsgåve sist fredag. Det var full klaff! Tenk å ha morgonkåpe som ser ut som ein dalmatiner, kjøpt på Disney Store i London;) Eksklusivt, må vite! Ta med at den er mjuk og deilig, så er det vel ikkje så rart at Gullungen likar å pakke seg inn i den.
5 kommentarer:
Bollebaking er supert på en tirsdag :) Fikk lyst å smake, kanskje jeg må bake boller en dag.
Trivelige gjøremål på en dag som ble regnfull;) Her har det snødd, men tempen steg igjen..
Ha ei god natt og klem;)
Skjønner du ble ivrig da du så den fine himmelen! Bra du har noe å holde på med inne!
He ho brokt den? Jippi! Han der liksom-onkelen frå Trondheim ekje so dom då tydeligvis.
Så flott blogg du har, måtte legge meg til her, var masse fint og noen veldig gode boller så det ut som:-) Ha en fin kveld...:-)
Legg inn en kommentar