mandag 12. oktober 2009

Ein og ein halv dagar med sol!

Vi blir ganske salige når vi får sol på desse kantar. No traff det til og med på ei helg, og då kan vi nesten ikkje ha det betre!
Frost om morgonen laurdag, jentene trudde det var snø ute:) Heldigvis var det berre litt rim som tinte fort i sola. Vakkert kan det vere, da!
I dag var vi på ein liten fjelltur, til Hammarstøylsvatnet. Det er ganske bratt opp til vatnet, men grusveg heile vegen. Det passar veldig fint når all mark er meir som myr etter så lang tid med nedbør...


Eg har strikka ferdig oktoberhua! Den er ganske fin, kanskje den blir til meg? Eg må nok vurdere det. Her kan du finne mønsteret. Eg brukte ein tråd pt5 og ein tråd babyull i omtrent samme koksgrå farge.
Elles har Prinsessa sett ut som ein sommarfugl i helga, etter eit besøk på Amfi Ulsteinvik. Ansiktsmaling er morsomt! Heldigvis fekk vi lov til å vaske den vekk i går kveld, den hadde nok ikkje sett så fin ut i dag.

Eg tek også med eit bilete av korleis det såg ut frå huset mitt i går ettermiddag. Eg likar snødekte toppar, men kan godt vente litt til før vi får snø heilt ned hit...

6 kommentarer:

Tovepia sa...

Nydelige bilder fra en frossen høstdag;)
Oktoberlua ble fin og jenta likeså;)
Ha en god dag og klem fra meg;)

sissel sa...

Så fint at dere fikk ei fineværs helg, ikke vært så mange av dem har jeg fortsått når jeg har ringt oppover. Herlig å gå tur i flott høstvær.
Flotte bilder du har tatt-
Ha ei flott uke:)

UnePune sa...

Den lua var kjempefin! Frost er vakkert =)

Judit sa...

Nydelige høstbilder, men litt mye snø på det siste bildet!

arieldog sa...

Nydelege bilete! Eg synest snø er ok så lenge ein må gå opp i høgda for å oppsøkje den.

Hanne sa...

Så flotte bilder. Ja, det er luksus når godværet treffer på fridagene - særlig når høsten er som den har vært i år, regn fra ende til annen.
Ønsker deg ei super uke!