onsdag 7. oktober 2009

No er det reint på Sunnmøre!

Det er sagt at då Gud var ferdig med å skape Sunnmøre, såg han utover landskapet og tenkte: Her er det så fint at dette må eg vaske kvar dag.

No er det reint her! Det har vel aldri blitt vaska grundigare, trur eg....

På facebook vert eg av og til sitande og humre over kommentarane folk legg ut. For eksempel ein kar eg kjenner som i dag fortalde verda at han skulle ha vore ute og vridd opp litt ved.

Eller han som lurte på kva som er vitsen med regnsensor på bilviskarane? Det regnar jo heile tida...

Og i dag tidleg skjende ei dame over at nokon brukte høgtrykkspylar ute. Det viste seg at det ikkje var maskiner med i den spylinga, berre den vanlege vaskinga av det flotte landskapet vårt.

Eg skal ikkje klage. I år har eg faktisk hatt ein fin haust. Elendig ver, men det er flott å vere inne. Eg har ikkje snev av versjuke, som sikkert kan verte eit problem etter å ha sett vel nok av vatn...

Vi er jo ganske heldige som har tørt hus, og varmt kan det også vere;)

Nei, vi har det ikkje så verst!

Strikkepinnane får konkurranse frå bakegleden som gjerne melder seg i slikt ver. Det betyr at det blir mindre strikketid, men desto meir kos på kjøkenet!

Ha ein fin dag, ute eller inne.

6 kommentarer:

Fjellrosa sa...

hehe måtte le...sånn har det nok vært her i trøndelag i høst....og sensommern også!!!Men som du sitter jeg inne og strikker, ser film, baker!! det er jo kos det og!! klem fra meg

Liv sa...

Ja, det kan føles som Vårherre har hatt storrengjøring her også. Jeg for min del har benyttet anledningen til håndarbeid. Det er det koseligste jeg vet. litt bakst - les eplepai- er det også blitt.
Vindusvask nytter iallefall ikke;))

AnitaK sa...

Heisann hoppsann du kan si det slik at det er relativt rent her i Molde også :) og jeg skal vri opp litt mer ved til kvelden... Kom hjem fra New York i går og har hatt 20 grader og flott vær, var ikke tvil om at jeg var hjemme igjen nei :)

arieldog sa...

Den om å vri opp ved var god! Du er heldig som ikkje er vêrsjuk - sjølv tvingar eg meg ut på tur og synest det er greitt nok, men eg kan ikkje fordra å bli våt på veg mellom bygga på jobb.

Sidselsidserk sa...

Godt innlegg:-) Det er tørt her hvor jeg bor og det skulle vel vært vasket litt, men pytt trenger vel ikke å vaske til hver jul;-)

mimouna sa...

Det gjelder å finne kjekke aktiviteter innendørs nå, og det ser det ut som om du klarer kjempebra. Og så blir det i alle fall rent ute! *LOL*