lørdag 14. november 2009

Den største kattesenga eg har sett!

Puffen eg strikka nyleg er svært populær i heimen. Nysgjerrig? Sjå her! Jentene ligg på den, sit på den, rullar over den. Den ligg framfor tv, så no er det nesten like ofte ei jente på puffen som i sofaen. Eg likte godt å ligge på golvet og sjå tv då eg var lita, så det er vel litt av det samme som slår inn no.

Men no er det langt over leggetid for jentene, og dei ligg i kvar si seng og søv søtt. Då er det fritt fram for pus. Han likar å ha det mjukt og godt, det er tydeleg. Så no ligg han og breier alle sine 5,3 kilo utover Puff Daddy;)


Elles har vi fått selbuvottar til jentene. Eg har ikkje strikka dei, berre så det er sagt høgt og tydeleg. Derimot kom ei "gamletante" på besøk sist søndag, midt i ein viss fotballkamp mellom Aalesund og Molde. Ho hadde med seg selbuvottar til begge jentene. Det einaste eg må gjere er å feste nokre trådar. Ho hadde nemlig ikkje stolt heilt på at størrelsen var rett, så ho kom for å prøve dei. Den eine jenta var ikkje heime, og den andre vart svært sjenert og ville ikkje prøve noko som helst med litt ukjende damer på besøk. Dermed vart det til at vi bestemte at vottane kunne prøvast seinare, og sidan dei passa, kan eg stå for festing av trådar.

Søte vottar, ja?

8 kommentarer:

Mona sa...

En slik Puff Daddy skal jeg også lage, en gang etter jul..hihi. Hva slags garn har du brukt? Tenkte finne et litt billig alternativ jeg, ettersom det går endel garn. :) Flott var den iallefall.

Frk. Chilli sa...

Puffen er kjempefin, og pysen din var nydelig:) Og heldige jenter du har som får flotte votter levert på døra!!!

Torunn Skjærstad Moen sa...

Puffen din ble jo kjempefin, og litt av et arbeid tenker jeg. Fortsatt god helg fra Asterix.

sol sa...

Nydelige votter, kjekt å få sånt i gave.

Vibekes lille ullne sa...

Puffen er virkelig blitt populær! Får se om jeg våger meg ut på et "puffposjekt" etterhvert. Kjempesøte votter! :)

Hanne sa...

Så søt en pus. Nydelige votter :)

Tovepia sa...

Klart pus vil gjøre som de andre når ingen er der for forstyrre;)
Flotte votter du har fått, herlig at noen strikker slike;)
ha en fin søndag og klem;)

Anonym sa...

hihi, typisk pusekatter! Vi har en puff i hus, og pusen vår elsker den.
Men din puff er jo mye flottere:)
Søt votter også:)