I dag vart vi heime, alle tre damene i huset. Gullungen hadde veldig vondt i magen i går kveld, og då begge sa dei hadde vondt i magen i dag tidleg, vart vi heime. Gullungen var tydeleg ikkje heilt i fasong i magen, men vi har hatt ein flott dag heime. Jentene har sett video, spelt dataspel, leika og slappa av. Mor har rydda litt, og støypt lys!
I snart eit år har eg hatt ei kasse på boda med lysestumpar i. I tillegg har eg hatt nokre passande beger til å støype lysa i.
Eg kunne nok ha laga ei bruksanvisning her, men eg trur eg heller legg ved link til den sida eg støtta meg til i prosessen. Denne oversikta er ryddig og grei. Dersom du søker litt på nettet finn du sikkert mange liknande sider:)
Eg hadde ikkje kjøpt fargestoff, så eg sorterte lysestumpane i ca like fargar, og smelta dei i kvar sine bokser. Best effekt syns eg at eg fekk med store hermetikkbokser i vannbadet, men eg brukte også store sylteglas. Eg lærte kjapt å sette formene i kaldt vatn før eg fylte på med varm lysmasse.... Det fyrste kom litt utover bordet:(
Formene er ei salig blanding, nokre Pringlespakkar, nokre plast ølglas, nokre litt for harde plast-kjeksbokser. Melkekartong fungerer sikkert perfekt.
Gjett om eg er fornøgd med lysa mine? Eg likar at dei har ulike fargar, og syns det er sjarmerande. Men neste gong skal eg sjå om eg klarer å leite opp ein butikk som sel fargestoff. Då er det enklare å putte alle restar i denn same gryta!
Den gode husmor har også laga grove knekkebrød. Oppskrifta har eg lagt ut før, du kan finne den her. Desse knekkebrøda er nydelige med smør og kvit ost!
10 kommentarer:
Skikkeleg fine lys! Eg vart nesten tent!
Å så tøft! Eg har også samla på nokon lysstubbar, men veit ikkje om eg kjem til å bruke dei egentlig... Lurte på å donere dei vekk til nokon som er meir kreative, men kanskje eg får ånda over meg ein dag eg også. Må sjekke ut litt nærmare den oppskrifta. Og få ei litt større samling av stubbar først. Etter jul kanskje;)
Håper jentene er frisk igjen i dag?
Flotte lys :) Må finne frem utstyret mitt igjen tror eg, hadde en hel "fabrikk" en stund :)
Pigment til å farge lys får du kjøpt på nett hos panduro, sløyddetaljer eller cchobby :) Eller om du har en hobbybutikk i nærheten har de sikkert.
Så mange fine lys du har laget! Kjempeflink er du! :-)
Ha en flott uke!!
Klem
Det var sannelig en produktiv dag! Flotte lys, mange år siden jeg prøvde meg på dette.
Og knekkebrødene har jeg oppskrift på men ennå ikke bakt..må skjerpe meg;)
Ha en god dag, håper formen er bedre på de små;) Klem;)
Så kom dine lys også på bloggen!
Jeg synes det er herligt med genbrug - skønt at kunne bruge noget som andre smider ud til noget så fint. Dine lys er mere farverige end mine - og Emilie er helt sikker på, at næste gang skal vores lys også være stribede
:o)
Så flink du har vært! Har en bærepose med lysstumper i garasjen, ble litt inspirert nå...kanskje det går et lys opp for meg også??
Imponerende!
Skal prøve å komme en tur innom i helga og inspiserer nærmere.
Har massevis av stearin og parafin både hjemme og på skolen. Dyppet lys i fjor, men det tar for lang tid! Dette var en kjempegod ide!!!! Thank you.
Legg inn en kommentar