lørdag 28. november 2009

Ein fantastisk dag!


Det er litt gøy å synge i kor, særleg når det går bra og vi får til det vi skal. I dag gjekk det bra.

Vi har øvd eit par månader på julesongar, av ulike typer. Ikkje noko vi kunne frå før, det hadde jo vore kjedeleg.... Vi har ny dirigent frå i haust, og dermed er det mykje nytt stoff. Heldigvis er det mogleg å finne gode krefter å samarbeide med, og i dag hadde vi to førjulskonsertar, i Ørsta og Hareid, saman med symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Dei var veldig flinke! Og eg meiner at vi klarte oss godt i koret også. Litt smårusk var det, men det er vel lov? Vi er jo amatørar, alle saman!

Heile dagen gjekk til øving og konsertar, vi reiste heimanfrå like etter kl 11 og eg kom heim kl 21.00. Det var godt å sette seg til rette i sofaen då...



I morgon er det fyrste søndag i advent! Eg har sett lilla lys i adventstaken, men må nok henge opp gardiner og adventstjerne i morgon. Eller dagen etter? Det er kanskje ikkje så farleg om det er 1.søndag i advent eller 1. desember som set startskotet? Vi satsar på det som passar best.

1 kommentar:

amylin sa...

Så gøy at konsertene gikk så bra. Kos deg 1.advent.