søndag 1. november 2009

Haustsøndagstur


Ein fin søndag kan brukast til så mangt, men høgt oppe på lista kjem tur ut i frisk natur.

I dag var vi på tur på ein gammal veg som vart brukt over fjellet før bilane gjorde sitt inntog. Vegen er fin å gå, men eg er glad eg ikkje må sende borna mine over der i allslags ver for å kome til skulen.

Utsikta er fin, og vi hadde pausar med appelsin og eple. Minstemor var flink til å gå, men ville sjølvsagt berast innimellom. Pappa sine skuldrer er sterke og gode å site på.

1 kommentar:

Mosbøjenta sa...

Hei! Høres ut som dere hadde en flott dag i går da ;) ønsker deg en fin og innholdsrik uke ;)