onsdag 11. november 2009

November-honning-hue:)

Her er ei lue til, gitt!

Honeycomb kallar designaren denne lua. Det liknar kanskje litt på ei bikube?

Dette er i alle fall mitt november-bidrag. Garnet er Toppull, ei gåve frå ein hemmeleg ven. Lua er rett fin, men litt stor til jentene. Den er også litt for rosa til meg.... Så eg trur eg tek med denne og nokre andre ting på jobb i morgon og legg det frå meg der. Om nokon treng ei lue eller noko anna, kan eg nok få nokre kroner i bytte:)