tirsdag 29. desember 2009

Brettspel er gull!


Alle burde ha ein kveld i ny og ned med brettspel. Eg er så heldig at eg har ein svoger med stor interesse for brettspel, og han har mint oss andre om kor kjekt det kan vere å ta seg tid til å spele eit uhøgtideleg spel. Nokre er veldig glade i Trivial Pursuit eller Geni etc, der du må kunne svare på ei drøss spørsmål. Eg er mest glad i spel der også ein dose hell kan spele inn. Det gjer det litt lettare å tole å tape... Kanskje....

Vi har ikkje så mange spel, men ein av favorittane er Ticket to Ride. Prøv! Ypperleg aktivitet i romjula, men også elles i året:)

2 kommentarer:

Liv sa...

Brettspel er ein fin vinteraktivitet, det er eg heil enig i. Nyttårsafta for tre år sida var vi to par saman her hos oss, og kva var vel meir naturleg enn å finne fram eit spel?
Vi er mest glad i Ticket to Ride America, tar gjerne turen i Europa og Norden og;) Fantastisk spel(",)

Godt nyttår!

Mammamiia sa...

Det spillet må jeg prøve! Jeg er så glad i brettspill, det er sosialt og veldig morsomt! (og en flott avveksling til tidstyven TV!) Vi har spilt mest "Fantasi" med en vri: det er ikke lov å tegne, bare MIME! DET kan bli morsomt en sen kveldstime... prøv bare å mime "Brasil" eller "Ketchup"?? :)
Gratulerer med bryllupsdagen og godt nytt år!
Mammamiiaklem....