fredag 11. desember 2009

I denne søte juletid


No er det tid for allslags søte saker, ikkje sant?

Eg kosar meg med å lage småkaker og anna snop, når berre tida strekk til...
Peparkaker er sjølvsagt med, og jentene er gode hjelparar når dei skal dekorerast. Eg har mi fulle hyre med å halde dei i arbeid i ei stor nok grad til at dei ikkje rekk å ete opp alle sjokoladane før dei kjem på plass;)

Elles har eg laga Mozartkuler. Eg reknar med at dei fleste har smakt det? Det er så enkelt å lage! Eg kjøper Anton Berg nougat og marsipan. Ein liten bit, kanskje som ei stor, firkanta ert, skal pakkast inn i marsipan. Dersom du lagar ei kule og klemmer den flat, er det lett å pakke nougaten inn i marsipanen. Trill lett, så du får ei rund marsipankule.

Etterpå er det berre å smelte kokesjokolade i vannbad, og rulle kulene i den varme sjokoladen. I fjor gjorde eg ein tabbe då eg la kulene på ei brødfjøl. Etter at sjokoladen stivna, vart det nesten uråd å få dei lause frå fjøla. Så no har eg lært å legge plastfolie på underlaget.

Kulene vert oppbevart i kjøleskapet, i ei tett boks.

Yummy!

2 kommentarer:

Frau Putz sa...

Yummy, yes!

Jeg glæder mig allerede til på onsdag, for så skal jeg lave konfekt sammen med mine kolleger. 10 chocoholics skal lave masser af forskellige slags julekonfekt.

Måske jeg skulle begynde at lede efter et fitnesscenter allerede før jul ;o)

Ilje sa...

Hei! Lenge sidan! :) Har kosa meg no med å kikke på alt nytt som har kome på bloggen din sidan sist. Og så har eg bokmerkja denne posten, for søtt skal det vere fram mot jul! Eg tenkjer at dette kan vere den perfekte gåva til sånne som ikkje treng noko spesielt. Plastfolietipset er notert ... :) God helg vidare!