torsdag 10. desember 2009

Verdens beste vottar?


Vottane mine er ferdige, og enn så lenge er dei det beste votteparet verda har sett. I alle fall svært lokalt... Oppskrifta er frå Strikk og tov 8, eit hefte frå Rauma/pt-design. Garnet er mørk turkis Rauma Finull. Eg var lydig mot oppskrifta, og måtte tove vottane 3 gongar før dei vart små nok til meg. Utgangspunktet var kjempestort! Eg var usikker på om dei ville vere moglege å tove nok til å passe til meg. Men to omgongar på 40 grader og ein omgang på 50 grader, kvar gong saman med andre klede, gjorde susen.

Vottane er gode og varme, har god passform og vil varme anten mine eller andre sine hender:) Eg er ikkje sikker på kvar dei endar enno...

2 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

HEI:)
Tusen takk for så gode ord frå deg;)Blei så glad at:)
Det kjekke med artikkelen er at det "leitar seg opp"bloggarar herifrå og;)
Kjempe fin blogg du har:)
Å dei vottane trur eg er verdens beste;)Flink du er:)
Vil vere med deg vidare eg:)
Nattaklem frå Astrid:)

Frau Putz sa...

Jeg tror du har ret. Det er helt sikkert Verdens bedste vottar. Faktisk hedder de "Luffer" på dansk - bare endnu en lille forskel på de to meget nært beslægtede sprog ;o)

Og sikke en fin farve - men det er jo også min yndlingsfarve :o)

Fortsat god decembermåned.

Klem fra Frau Putz