fredag 29. januar 2010

Dagens kloke ord

I koret mitt fekk vi utdelt ein ny note forrige øving. Det gjer vi av og til:) Og nokre gongar vert eg litt glad i desse songane. Det er ei spesiell direkte kontakt frå song til hjarte, det er eg heilt sikker på. Denne siste teksta må eg berre dele med folket:

Treng ikkje orda dine,
akurat no treng eg meire enn ord.
I dag har eg bruk for ei hand, kjære bror,
som vil halda kring hendene mine.

Treng ikkje råda dine,
treng ikkje kunnskap om framtida mi,
i dag har eg bruk for ein ven som har tid
til å halda kring hendene mine.

Treng ikkje svara dine,
spør ikkje heller om det som skal skje,
i dag treng eg ein som vil bøya seg ned,
for å halda kring hendene mine.

Teksta er av Haldis Reigstad. Inga dum dame det:)


2 kommentarer:

Line Kristine sa...

Kjempeflott tekst! Også så sann som den er!

Sidselsidserk sa...

Det var kloke ord dette ja, og god helg til deg.