søndag 31. januar 2010

Sløv søndag

Musikanten min har hatt ei travel helg igjen. Som om det var noko nytt? Denne helga har han vore med på arrangere ei øvingshelg, og då måtte mora vere brannvakt frå 01.00 til 04.00 i natt. Ikkje så ille å ha den vakta, eigentleg... Ungdomane hadde knapt lagt seg då eg var ferdig og kunne gå heim;) Men eg rakk å strikke ferdig eit par sokkar til minstemor. Dei tok ho i bruk straks eg fekk festa trådane i dag. Sidan eg var relativt seint i seng, fekk eg sove lenge i dag. Då vert eg liksom litt ute av rute resten av dagen.... Men det er jo kjekt også!

I går var det Ungdommens Kulturmønstring, og Musikanten var ein av dommarane. I tillegg fekk han det kommunen her kallar "Ungdommens kulturpris" for 2009, som inkluderer 10.000 kroner! Stas:)


Dei nye sokkane er friske i fargane:)

I dag har vi hatt verden beste søndagsmiddag: sosakjøt! Enkelt å lage, men festmat her i heimen. Minstemor vil gjerne ha mjukt kjøt, og då er sosakjøt perfekt etter 3 timar i gryta;)

4 kommentarer:

Bea86 sa...

Har vært innom bloggen din å kika med jamne mellomrom, men først nå skjønte jeg hvem du var. Så gøy at han fikk den prisen da, vel fortjent. Hilsen "eks Moto Gussi medlem" ;)

solveig sa...

Gratulerer med sonen!

AnitaK sa...

Gratulerer til sønnen, og til den stolte mor selvsagt :)

tintin sa...

Gratulerer med prisen! Du må vere kjempekry! Kjekt med musikk, en fin hobby som varer livet ut. Kjekt å vere forelder også, mykje sosialt, og tida dei treng oss går så altfor fort.
Lekker farge på sokkane, greit med slikt arbeid nattestid - får tida til å gå.
Ha ei fin veke!