tirsdag 5. januar 2010

Vinter enno, ikkje tvil om det!


Visst er det fint med snø. Og det er ganske kjekt å gå på ski av og til. Eg skal ikkje nekte for at det er mogleg å ta flotte bilete med snø og kvite flater. Men berre sjå her, julegrana mi har det rett tungt! Det er ikkje den største julegrana i verda, for all del, men det er ikkje mogleg å finne den att snart! Gubben rista den forsiktig fram for nokre dagar sidan, men no får den berre vente på betre tider. Litt uheldig for grana å vere så nær vegkanten at den får snøhaugane så tett innpå livet...


Elles er eg overbevist om at julelys, juletre og raude gardiner får vere med i leiken nokre dagar til. Når det er tungt av snø, gradestokken viser 12 minus og alt er veldig vinter, er det rart kor varmt det verkar når berre det er litt meir lys inne!


I dag ville minstemor ha spaghetti til middag. Det vil ho ofte, ho er absolutt ikkje glad i poteter i rein form. Sidan eg har mykje rart i frysar og kjøleskap, vart det ei pølsepanne i friske fargar til fullkornspaghettien:)

Sjå kva postdama hadde med i dag!Eg har venta nokre dagar på denne pakken, frå Yarn and Fiber Company
No skal det bli eit eller anna til vesle Tonje tantebarn. Etter at eg har strikka ferdig kjolen min, ja... Eg trur det skal bli Little sister dress.

Husmora slår til igjen:

Dyrebar strikketid vart i kveld brukt til å bake brød... Men det er så mange glade menn rundt meg når brøda er ferdige, så det er vel verdt arbeidet! Eine brødet har mista begge skalkane, og der er vel berre halve brødet igjen:) Jentene er meir glade i å bake, minstemor likar aller best å ete deiga. Alle er eigentleg såre fornøgde med brødbakst. Mon tru om eg burde gjere det oftare?

5 kommentarer:

Greta sa...

Hei. Koselig innlegg med mye forksjellig. Tror dere må ha mer snø enn oss på sunnmøre. Bruker vel å ha det. I alle fall viss vinteren er slik eg hugsa den da eg voks opp der .
Jula er nok ute her ja, men lys har eg over alt. Treng det for å holde varmen, vi har ikkje vedovn i blokka.
Gjærbakst er alltid populært. Det begynner å bli veldig tomt i min frys no, men det kan vi gjere noko med når julegjestene er reist.
Ha ei flott uke og pass deg så du ikkje frys

lisje astrid's husblogg sa...

Enig med Greta:)Kjempe koselig innlegg:)Sat å smila å las:)
Du er veldig flink:)
Ikkje rart karane stima rundt deg;)
Står omtrent det same til med juletreet her framme og!
Eg har pakka vekk jula,men har beholdt litt vinterpynt!
Takk for inspirasjon:)
Ønskar deg ein flotte dag:)
Klem frå Astrid;)

tintin sa...

Snø ja, dere har fått noen centimeter de siste dagene. Omtrent som jeg husker vintrene da jeg var lita. Det var alltid masse snø da. La ungene kose seg så lenge den holder. Her er det for kaldt å leke ute, 25 minus :)

solveig sa...

Flott vinterver her no, og nok med snø! Gjærbakst er kjekt. Ungane her fekk gjerne nokre rosiner då dei var små. Dei enda som regel som auge på eitt eller anna dyr. Dei hadde arbeid lenge. Vi brukte saks for å klippe piggar på piggsvin. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser! Og så smakar det så godt når ein har baka sjølv.

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg innlegg med så mykje forskjellig! Ønskjer deg eit kreativt år!