torsdag 25. mars 2010

Frøyakrage;)


Det var att nesten eit nøste av Frøya-garnet etter at lua til minstemor var ferdig. Då vart det ein krage! Jenta er ikkje sikker på om denne er til henne, for ho har alt ein krage, og den likar ho, og dessutan er den roooosa...

Likevel er denne sannsynlegvis til minstemor:) Vi får sjå når det vert kaldt igjen!
Oppskrift er oppskrytt. Men eg kan jo seie korleis eg gjorde dette.
Eg brukte pinnar nr 4, la opp 110 masker og strikka 2 rett, 2 vrang til eg var fornøgd med lengda rundt halsen. Så auka eg til 3 rett,2 vrang, strikka 5 omgongar til. Deretter auka eg til 4 rette, og neste gong til 5 rette, og 6 rette. Heile tida med 2 vrange mellom, og auking på kvar 6. omgong. Fell av, fest trådane og ta i bruk!


No er det heldigvis regn og 5 grader ute. Vi ventar veldig på å sjå grøne marker rundt oss. Det er snøfritt på vegane no, og gradvis ser vi at snøen smeltar. Men så store mengder snø som vi har hatt no, tek det tid å smelte! I lokalavisa såg eg nyleg at snøen no har lege her i 88 dagar. Det er minst 93 no... Og det er ganske ekstremt på ytre sunnmøre:)

5 kommentarer:

Sidselsidserk sa...

Takk for oppskrift til hals - kommer nok til å benytte denne. Store snømengder her hos meg også, men det tiner - jippi - så det blir vår i år også:-)

Greta sa...

Denne vinteren har vore ekstrem her og. Den har vel vore ekstrem på heile sørnorge, midtnorge ja fra Trondheim og nedover trur eg.
Eg bør få ein ekstremt fin sommer som belønning syns eg. Men sånn er det vel sikkert ikkje.

fin hals. har laga noen liknande eg og. håper den ikkje trengs å brukes før til neste vinter.
Ha ei flott helg

mimouna sa...

Fin hals og sympatisk pinnetykkelse. Veldig greit for oss som er "allergiske" mot tynne pinner. :o) Kjekt at den er maken til luen også.

Håper dere får en fin helg!

Vera sa...

Så Stilig hals! herlige farger og kjempe fint fasong!

Ida sa...

Snøen e vekk på markane i Ulsteinvik. Spørs om her e litt mildare klima enn over eidet. ;)

Kjekk lesing! :D