onsdag 10. mars 2010

Planar igjen?

Eg har ikkje langtidsplanar for strikkinga for tida. Det er kos å vurdere litt kva eg har lyst til å lage, og veldig ofte blir det tilfeldig. Sokkegarn ligg nær, og så strikkar eg sokkar. Eller nytt garn blir til ei lue. Eller ei av jentene har veldig lyst på noko i rooosa, og dermed blir det enda ein ting til jentene...

No har eg tenkt ei stund på å strikke gensar til meg sjølv. Eg har mange gensarar, men det er berre to eg brukar ein del. Og dei er gamle! Med godt ullgarn blir dei jo ikkje utslitne... No har eg lyst på ein ny gensar, men eg veit ikkje kva. Ein dag har eg lyst på gensar, neste dag har eg meir lyst på tunika. Og så har eg litt lyst på ein kjole til, og i alle fall har eg lyst til å strikke den søte gensaren til tantebarnet.

Eg er nok litt vinglete.

Så det blir gjerne ei stund til eg kjem i mål!

I helga skal vi på hyttetur, og yr.no melder snø heile helga! Det betyr korte økter ute, lange økter inne:) Då må strikkepinnane vere med. Så no har eg pakka strikkesaker, til eit par tøfler og ei jentelue. I tillegg må vel sjalet i Wollmeise bli med...

2 kommentarer:

Greta sa...

hei. Syns du skal lage ein fin retro genser til deg sjølv eg. Dale garn har eit flott hefte som heiter retro og alle genserne der kan strikkes med lerke. Da har du ein heilårsgenser.
Berre eit forslag . ha ei fin helg sjølv om veret ikkje ser ut til å veret edet alle beste.
langt til hytta da?

Anlen sa...

Hytta er på Lesjaskog, slik at det normale er at vi tek ein tur dit for å finne vinter. I år har vi hatt meir stabil vinter her enn der...