lørdag 20. mars 2010

Smokkekrise!


Vi har hatt ei krise i heimen i kveld. Det var ingen smokk å finne då minstemor skulle legge seg! Det var ikkje noko eg hadde planlagt, sjøl om det hadde vore smart å slutte med smokk no. Sidan det ikkje var mogleg å finne ein einaste smokk trass i iherdig leiting, måtte ho berre legge seg utan. Det gjekk litt lenger tid enn normalt å somne, men eg byrja likevel å tenke at dette var genialt.

Det varte til Lisbeth Salander stod midt i ei meir alvorleg krise, i filmen Luftslottet som vart sprengt. Då våkna den smokkelause, og det var ille! Ikkje snakk om å sove... Ho hadde vondt i magen, ho sutra og gret, makka og kravla rundt i senga. Og alt i mangel av smokk!

Heldigvis gjekk ho med å somne etter intens stryking på ryggen:) Og etterpå fann eg ein smokk som hadde gøymt seg under pianoet. Den vart godt motteken då ho vakna igjen litt seinare. No søv ho godt, og er salig med smokken på plass. Alvorleg greier, det der:)

3 kommentarer:

Greta sa...

smokk kan vere vanskelig å slutte med ja. Dei må vere innstilt på det sjølv. da går det som regel greit.
Dette finn dere vel ut av sammen. Ha ein lett leggeprosess i kveld da

Rigmor sa...

man skal ikke tulle med smokken!! Det var slik her også med første mann! Krise når det ikke var i nærheten, så en dag var det over. Rart det der.
Ha en flott helg!

Vera sa...

det var nå ikke så galt at det ikke var godt for noe ;) kanskje det bare var bra at smokken var borte? Kanskje det blir en start på en slutt? ;) God helg!