lørdag 10. april 2010

Laurdag, vår, kan det bli betre?

I dag har vi hatt det fint på Sunnmøre! Sol, ganske varmt, og god tid:) Trampolina kom på plass igjen i går, og jentene har kosa seg stort. I dag gjekk vi på tur med kanina i band, til sentrum med skobutikk (to par joggesko i jentefargar), sportsbutikk (GoreTex-vaskemiddel og impregnering), Nille (garn og godteri) og Prix (fløte, brød, banan og ispinnar)

Ikkje så dumt, det der! Årets fyrste is! Nåja, den fyrste kjøpt på butikken fordi vi har sommarfølelse, sol og lyst på is... Is som har mellomlanda i frysaren heime tel ikkje i denne samanhengen!

Elles sjekka vi sykkelutvalet på sportsbutikken, Prinsessa må ha ny sykkel og no er det absolutt sykkelver:) Det vert nok sykkel i løpet av neste veke.

I kveld har eg vore på konsert, og det var ei flott oppleving! Jesus Christ Superstar, med korpset der svigerfar og ei svigerinne spelar. Mange lokale namn som solistar/skodespelarar, og stort kor.
Vi reiste på den fyrste konserten, klokka 20.00 er passe seint til slikt for min del. Men dei har ei framsyning til, og den startar kl 23.30! Eg syns det er imponerende seint;) Men det var selt mykje billettar til den også. Det var heilt fullt i Herøy kyrkje på den fyrste. Og det var jammen godt, for dette var vel verdt å få med seg.
Skulle sjølvsagt hatt bilete, men det passar seg ikkje å knipse under slike arrangement. Eg legg heller inn ein snutt frå youtube, sjølvsagt ikkje identisk med den eg såg og høyrde i kveld:)


6 kommentarer:

minon sa...

Kan se ut som du har hatt en flott dag! Mange ting som tyder på at det er vår i luften ja!
Kjekt med konsert og spesielt når det er noen man kjenner som er med!

Ha en fortsatt fin helg!

Mariann S sa...

Å ja, no e det herlig vår. Det spirar og gror overalt :) Hørtes ut som ei koselig butikkrunde :) Lissjepiå mi skal også få deg sykkel :)

Greta sa...

Ja det er vår. Også her eg er no. Det blåste litt her i går, men det ser ut som den skal holde seg unna også i i dag. Deilig, deilig med vår.

Er så kjekt når man kan sette vekk vinterklede, kjøpe nye joggesko, finnefrem uteting og berre ta imot våren, spesilet i år.
Ha ein flott søndag

lisje astrid's husblogg sa...

HEI♥
Ein herleg dag:)
Hehe:)Eg såg deg og snuppene og den søte kanina♥
Dokke osa vår der dokke gjekk bort etter vegen;)Hihi:)
Eg og tenkte å invistere i sykkel og sykkelvogn til lisje bror til veka..
Ønskar deg ein fin søndag♥
Klem frå Astrid:)

mimouna sa...

Så delig når våren endelig kommer! Vi har også vært ute og jobbet i hagen, både blomster og brunnegler er på plass. Ikke så kjekt det site da, men vi får vel tåle det også.

Lykken er sykkel og nye sko etter lange måneder med snø og kulde. :o)

Felisi sa...

Det er deilig med vår ja! Endelig...
Idag forsvant siste rest av snø i hagen, og jeg har sittet ute og kjent solen brenne i ansiktet. Det kan ikke bli stort bedre :)