søndag 4. april 2010

Påske er noko av det beste eg veit!

Det er mange aktivitetar i løpet av nokre dagar i påskeferiemodus. I år var det ikkje nok snø til å grave snøhole, men vi løyste problemet ved å grave snøhole til Barbiedokkene. Prinsessa jobba iherdig, og med mamma sine vottar som siteunderlag, hadde Ariel og Barbie det ganske fint. Det er ikkje så smart å gå ut i vinteren med så tynne kjolar. Heldigvis hadde Ariel ein strikkakjole med seg i kofferten, så ho hadde i alle fall litt varme der kjolen dekte. Men bare skuldrar, det tek seg faktisk ikkje ut i snøholer! Kanskje vi må legge inn ei bestilling på vinterklede før neste vinter...


På hyttetur er det godt å ha varme tøfler. Så denne gongen vart det to par nye tøfler. No skal eg straks innrømme at svigerfar er ivrig med fyringa i omnen, så det er gjerne for varmt utpå kvelden. Men då er det jo greitt å sparke av seg tøflene!

Barnetøfler kan ha mange fargar, dei vaksne har berre ein hovudfarge pluss kanting.


Vi har altså hatt ei flott veke på Lesjaskog. Svigerforeldra mine var der saman med oss dei fyrste dagane, men dei reiste heim fredag medan vi vart til i dag, søndag.

Vi har gått litt på ski, nokre har gått ganske mykje, og Prinsessa har vore i barnetrekket på Bjorli 4 dagar på rad. Dette var kjempegøy då ho fyrst fekk inn teknikken, og no kunne ho sikkert vore der leeeenge!

Det er sjarmerande å vere på hytta, men jammen er det godt å kome heim til vaskemaskin, dusj, oppvaskmaskin og tilgang til trådlaust nettverk;)

No vert det sikkert ikkje fleire bål i snøen før fram mot jul!


4 kommentarer:

amylin sa...

Høres ut som en herlig påske!

Helen Brekke sa...

Så koseleg påske dykk har hatt. Eg har strikka for harde livet og rydda i heimen. Og sett på alle krimseriane som går.

Eg trur eg må få meg hytte;)

Greta sa...

Godmorgen siste dag av ferien.
Høres ut som dere har hatt ei fantastisk påskeuke :).

Det fine er jo at borte kjempebra men hjemme er uansett best.

Du veit kva du må strikke til neste påske, og det er bra, så har du noko å gjere :)
Håper den siste påskedagen vert fin og

Smarie sa...

Høres ut som om dere har kost dere veldig i påsken ;o) Misunnelig på hyttelivet dere har ;o)) Ha en fin dag!