torsdag 20. mai 2010

Kjole full av tilfeldigheiter


Eg krympa den rosa kjolen til minstemor litt, nok til at den ikkje var så full av sving som den var... Så då var det berre å strikke ein ny!





Då vi var i Tyrkia sist sommar kjøpte eg 400 gram rosa garn i ei blanding av bomull og viskose. Eg har ikkje kome på kva eg skulle bruke det til, men no kom det til nytte.

Oppskrift? Nei, det har eg ikkje. Så då er det berre å legge opp og strikke i vei...

Minstemor har masa jamt om at eg må strikke så kjolen vert ferdig. I dag festa eg trådane og ho fekk prøve. Heldigvis vart den godkjent!

By the way: Om nokre timar reiser eg til Riga. Dersom du ikkje har meldt di interesse for ei gåve frå Riga, må du bla litt nedover i bloggen og gjere det! Trekning mandag:)

5 kommentarer:

Tovepia sa...

Nydelig!Og uten mønster!!!

Kos deg i Riga, høres råherlig ut!! klem fra meg;)

Greta sa...

Stilig kjole. og virkelig imponerende at du ikkje har hatt oppskrift. Virkelig bra.
God tur til Riga. Kos deg masse masse.

Unknown sa...

Nydelig kjole og god tur til Riga, håper du får en god tur med mange gode minner for livet.

Frau Putz sa...

Sikke en dejlig prinsessekjole.

... og med det materialevalg risikerer du jo ikke, at den krymper og bliver til dukkestørrelse ;D

God tur til Riga. Jeg håber vejret er fantastisk og du nyder turen.

Klem fra Frau Putz

Judit sa...

Det vart en sukkersøt kjole med fin sving! Og jeg har tenkt å bake knekkebrød til neste helg!