mandag 24. mai 2010

Riga leverte!

Eg har vore med på ei fantastisk helg i Riga, Latvia. Det er mange som reiser dit frå Sunnmøre, sidan det går direktefly frå Vigra nokre dagar kvar veke. Og i tillegg er det jo ein nydeleg by å besøke.

Hareid kammerkor er godt reisefølge også, så då kan det ikkje bli betre! Her er eit bilete av oss i St.Pavils Lutheran Church (eller noko slikt) etter konserten vår der. Vi var fyrst med på ei lang latvisk gudsteneste, der vi song tre songar i løpet av messa. Og elles prøvde vi å synge litt som Mr. Bean på eit språk vi ikkje forstod. Salmebøker fann vi, og melodiane var kjende, men teksta??
På dette biletet ser du koret saman med nokre av dei som høyrde på oss. Dei kom fram med blomster til kvar einskild av oss etterpå. Fin skikk:)

Elles var vi mange gongar innom gamlebyen, vi budde like ved, så det var enkelt å finne sjarmerande plassar å besøke. Det som imponerte meg mest, var for det fyrste kor reint og fint det var overalt. Og for det andre at dei unge damene trippar rundt på brusteinane med grusomt høge stiletthælar! Eg fattar ikkje at det går an:) Dei kler seg nokså annleis enn normalen på det norske vestlandet også...

På ein slik tur vert det mykje god mat... Tre-rettars lunsj og middag kvar dag, det er noko ein kan leve med! Og sidan eg hadde bursdag medan vi var der, fekk eg sjampanje til lunsj;) Det har eg aldri fått før. Riga Champagne, den var faktisk veldig god! Mykje betre enn Riga Balsam som alle snakkar om... Eg er ikkje så glad i sterke dropar, og 14 urter i 45% sprit, det må vel kallast sterke dropar!

Har du ikkje vore i Riga før, er det vel verdt å ta turen! Og som eg sa i forrige innlegg: Eg fann garnbutikk, men då var den stengt:) Vi hadde nydeleg ver, ca 25 grader og sol! Det einaste minuset med heile turen var at eg fekk ein god del myggstikk... Men det skal eg klare å stå over! Eg reiser gjerne igjen, og då skal eg ta meg tid til ei spa-behandling også.

3 kommentarer:

gyldenkron sa...

Høres ut som en strålende tur. Bortsett fra myggstikkene da.

Greta sa...

No fikk eg lyst på ein tur dit også. Driv og skriv ønskeliste innimellom. Med overkommelige ønsker og sikkert uoverkommelige. Tur til Riga har vorten notert opp :)
Du har viorkelig kost deg skjønner eg. Kjekt det. Noko å leve på ei stund. Stor kelm fra utflytta sunnmøring

amylin sa...

Det hørtes ut som en koselig tur. Ja, Riga er koselig!