fredag 23. juli 2010

Honey, I'm back!

Lett inspirasjon frå ein Shania Twain-låt i tittelen...
Uansett: Vi er heime igjen!
Det var litt av ein ferie, vi farta rundt og gjorde mykje kjekt, og jentene var storfornøgde. Då har foreldra det også bra:)

I forrige innlegg fortalde eg at vi var på Oslo-tur. Det tek for lang tid å ramse opp alt vi har sett og gjort, så vi får ta det i kortversjon.

Fyrste strand: Ved hotellet i Oslo, ved Fornebu. Vond å gå på, mykje brennmanetar, men uansett ikkje aktuelt å bade, pga kaldt vatn....
Måltid med mest iver: Kinamat på Oslo Sentralstasjon, minstemor fekk favorittmaten: Ris.
Flottaste utsikt: Frå hotellet Wadahl i nærleiken av Vinstra.

Kjekkaste aktivitet: Alle leikeapparat.

Mest overraskande leikeområde: Den diiigre sandkassa i gågata i Kiel.
Beste parkoppleving: Dyreparken i Kristiansand. To dagar, litt regn, mest sol.

Beste parkmåltid: Rømmegraut, lapskaus og ball på Kutoppen i Dyreparken.

Beste reklame: Litago yoghurt gratis til alle som ville ha. Også på Kutoppen.

Beste show: Kaptein Sabeltann kl. 23.00, nesten natt:)

Mest striper: Sebraane i Kristiansand.

Høgaste smell: Tordenveret i Oslo, tett fulgt av sjørøvarskutene i Dyreparken.

Beste båttur: Minicruise Oslo-Kiel, med 4 timar stopp i Kiel. Vi har vore på utanlandsferie i år også;)

Grønaste drink: I baren på Color Fantasy


Beste palmeøy i ansikt: Hunderfossen.

Mest overflødige gjenstand i kofferten: Solkrem.

Beste investering: DVD-spelarar til baksetet.

Raskaste meiningsskifte: Minstemor som vart pressa til å ta Eventyrskipet i Hunderfossen saman med mamma, på lav høgde. Då ho kom av, var ho framleis litt fornærma fordi mamma hadde bestemt at ho skulle prøve. Men 3 sekund etter var ho på veg mot køa for å køyre ein gong til....

5 kommentarer:

Greta sa...

Det var ferien sin det. Høyrest ut som dere har hatt det supert, sjølv om dere ikkje fikk brukt solkremen. Men det var vel ikkje det som var viktigst på denne turen.

Annika sa...

Så flott mala dei var då! Ser ut som de ha hatt ein fin ferie, og fått oppleve litt finever også :) Fortsatt god ferie! Eg startar på min om 5 timar! :D

Judit sa...

En ferie full av opplevingar:-), og hyggelig å ha dokke på besøk:-) og bra du er tilbake på bloggen:-).

Mångsysslare sa...

Hvilken herlig ferierapport!

KRØLLEMIKKEL sa...

Det var litt av en innholdsrik ferie. Høres ut som dere har hatt det flott. Fortsatt god sommer!