fredag 30. juli 2010

Mmmmmmmm

Det er ingenting som smakar betre enn jordbær frå Valldal. Det har tatt tid å få dei i butikken i år, sommaren har vore sein og kald. Forrige veke var det så mykje regn her at det nesten var kritisk for bæra. Heldigvis snudde det, og vi har hatt ei kort veke med nydeleg ver. I dag vart det regn og grått igjen, men det passa jo eigentleg bra. For i dag hadde eg bestilt 8 kg jordbær, og det var berre å finne eit strå og træ dom på:)

Nokre bær fekk plass i isbokser i frysaren. Men dei fleste vart omdanna til rørt jordbærsylte!

Det smakar sommar midt på mørkaste vinteren:) I dag vart det 23 nye bokser og glas med sylte i frysaren. Då er det berre å vente på at bringebæra skal kome i hagen til mor/mormor... Rørt bringebær er også veldig godt, nemlig!


2 kommentarer:

solveig sa...

Det er fort gjort når ein får kjøpt ferdigreisa bær! Elles må eg innrømme at eg har kjøpt mange boksar med ferdigrørte bær. Dei boksane er no fylt med heimelaga sylte. Dei tek mykje mindre plass i frysaren enn glas.
Vaflar neste?

Sidselsidserk sa...

Mmmmm dette så godt ut og bære er sikkert like god som Trønderbæra;.)) Jeg sverger til den jeg da.
Uansett bærtype så er det godt å ta opp fra fryseren når vinteren er over oss.
God helg!