søndag 1. august 2010

August er visst her!


Det er deilig at det framleis er ei heil ferieveke att, og eg har i tillegg nokre dagar med litt halv maskin veka etterpå. Då får vi ein mjuk start på neste skuleår. Det er ein fin tanke:)

I går og i dag har vi farta rundt over heile øya, frå det eine ytterpunktet til det andre. Sidan vi har familie med ny bobil, vart det ein tur til Flø i går kveld. Det er visst slik med bobil, i alle fall når den er ny, at det er heilt ok å køyre 30 minutt for å legge seg til for natta på ein campingplass der. Men slik sett er det lett å ta imot besøk også! Så i går var alle søskena til gubben samla, med sine familier, og det var ein koseleg kveld. Heldigvis var det ok å site ute, det hadde ikkje gått an å putte alle inn i bobilen. Vi var 7 vaksne og 6 born, og dei små kosa seg med å fange krabber frå bryggekanten.
Det er vakkert på Flø, det må eg innrømme! Og massevis av turistar, frå Tyskland, Nederland og Danmark.
Eg nøydde meg med å teikne hjarte i sanden, medan gubben laga eit digert vikingskip med plass til alle borna i:)

I dag var vi på tur til Kvitneset i Brandal. Det er litt nærare heime enn i går, og kanskje nesten like vakkert. Vannliljer fann vi ikkje på Flø, men på Kvitneset var det ein dam med slike nydelege blomster i. Jentene hadde svært lyst på nokre...

Eg må innrømme at eg vart fascinert av denne kontorstolen som står midt på berget på Kvitneset. Ikkje anar eg kvar den kjem frå, men det ser ut som eit kunstverk! I dag hadde vi med oss broren til gubben med hans nye familie, og det var ein koseleg dag. Dessverre vart det regn, så vi måtte trekke i hus etterkvart. Men bollar med nyrørt blåbærsylte, det rakk vi! Den eldste av jentene vi hadde med, klarte ikkje å slutte å ete før det var slutt på sylta;) Bollar med rørt blåbærsylte er ein ny favoritt.

3 kommentarer:

Fru Keilegavlen sa...

Koselege bilete! Ha ei fin veke.

mimouna sa...

Kjekt med sommer og familie og venner på besøk. Litt rart at det er august alt, det gikk så fort i år. Godt å ha slike bilder å mimre over når høsten kommer. Fikk lyst på noen av de jordbærene under her, mmmm!

Greta sa...

Høyres som dere kan å nyte ferie både som lang avstandsturister og i nerleiken av heimen. Kos dere dei siste dagene av ferien. Klem