tirsdag 3. august 2010

Kven har laga den store haugen i strikkehjørnet mitt?

Nokon har laga kaos i hjørnet mitt! Det er eit perfekt strikkeprosjekthjørne, eit slikt ope rom som du får når to sofaer står side ved side... Omtrent ein kvadratmeter, som vanlegvis er greitt å finne ut av. Men jammen har nokon laga rot her no!

Det er posar overalt. Ulike strikkeprosjekt i ulike posar, eller garn til dei ulike prosjekta... Strikkepinnane er omtrent på plass i permen sin, men dei er litt vidløftige dei også. Hjelpe og trøyste!

Opptelling?

Eg har ein halvstrikka kjole, den potensielt lekre flettekjolen frå Maskepi.
Elles har eg ein pose med garn til den, sjølvsagt.
Vidare:
Tunika i Paris, det er den eg strikkar mest på no for tida. Og sjølvsagt har eg litt garn til den også.
Ein pose med to "nissar" som svigermor vil ha klede til. Så då har eg litt halvstrikka klede og garn til dette formålet.
Ein haug med oppskrifter.
Ein pose med ein nesten ferdig tjukkelest, og garn til den andre.
Ein lett rotete haug med restar/halve og heile nøste som eg har vage planar for.
Og så bur visst pc-en med to (!) pc-vesker i same hjørne, og ledninga til Prinsessa sin Nintendo dsi ligg i ein floke innimellom pc-ledning og tråd.

Dessutan har eg lyst til å strikke sjal av Wollmeisehespa mi. No har eg lyst til å strikke Little Shells. Men det kan jo alltids endre seg...

No trur eg at eg må strikke litt:)

3 kommentarer:

Unknown sa...

Er det ikke slik at den beste måten å rydde i "garn-rotet" er og strikke....

Greta sa...

Så herlig å ha så mange spennde strikkeprosjekt på gang. Slik har eg det hiel tida. Bortsett fra at alle påbegynte tinga ligger i korga si da. Eit prosjekt i strikkeveksa på stolen og eit i strikkekurven ved stolen. Så kjekt når noe vert ferdig.

tintin sa...

...heilt normalt dette vel??