onsdag 8. september 2010

Eg er vel heldig!


Er det mogleg å ha det finare enn dette?

I dag var eg ferdig på jobb tidleg, og klokka kvart på to var fjellskoa på, og eg kunne sette kursen mot fjellet. Det er ikkje nødvendig å ta verken bil, buss eller sykkel for å kome seg opp på fjella her:) Kondis er ikkje akkurat det eg har mest av, men eg trur at det skal bli betre... I dag brukte eg akkurat 40 minutt frå døra til den vesle toppen som heiter Håbakknotten.

Berre nyt utsikta! Fjell og fjord i alle retningar! Og sol:) Eg gjekk i shorts og singlet i dag, og det var godt og varmt.

Dessutan åt eg tytebær, søte og solvarme. Så godt har vel aldri tytebær smakt....


Posted by Picasa

4 kommentarer:

mimouna sa...

Vakkert!

Deilig med Indian Summer, dette tengte vi før vinteren!

Sidselsidserk sa...

Flotte bilder - du er heldig:-)

Strikkebesta sa...

Ja, heldige du! Eg har jo natur og fjell rett utanfor stovedøra akkurat som deg, men ei brota tå gjer det vanskeleg å finne sko som er gode på foten, og forresten så blir det for mykje belastning på brotstaden om eg prøver meg på fjelltur, så eg må finne på alternative syslar i go`veret.

Greta sa...

Vakkert er vel eit beskrivende ord. Kjekt når ein kan føle seg heldig.