lørdag 30. oktober 2010

Basar!

Jentene mine har vore på basar saman med mormor:) Dei skulle synge saman med barnekoret Fifaliana, men eg var opptatt på anna hald. Så då overtalte eg mormora til å ta med seg jentene på basar på det same bedehuset der ho var på mange basarar då ho var lita jente.

Dei hadde ein hyggeleg kveld på basar, med åresalg og mat, og anna program. Og jentene kom heim med ein haug gevinstar:)Skikkelege raggsokkar i ca størrelse 38 og 30, fire par mohairsokkar eg kjenner att frå supersalg hos Nille i haust, to lys, og hekla pyntegryteklutar.

Men eg har ikkje heilt kontroll med kva den eine gevinsten er... Kven kan kome med tips til kva denne "vesten" er? Eg har to identiske hekla vestar. Dei er opne i sidene, og i nakken er det ei lita hempe til å henge dei opp med. Men skal dei berre henge, eller er det noko meir med dei, mon tru??



Desse tøflene er omtrent passe til meg. Eg får sjå litt an kvar dei endar;)

4 kommentarer:

Greta sa...

Eg brukte å vere med bestemor på basar på beduhset. Tombola var no berre kjekt da. Vann alltid masse. Så dette innlegget vekker gode minner. Tenk eg har gode minner fra bedehuset.
Bonzai tøflene er stilige.
Trur 2vestene" er pyntegrytekluter rett og slett.
Ha ein fin søndag. klem

Stubbetufsa sa...

Vesten, er ikke det grytekluter, da? Bosniatøflene er nok sikkert gode å ha på føttene. Så mye fint jentene vant!

Anonym sa...

vest til å henge på vinflaske kanskje? eller pyntegrytekluter

AnitaK sa...

Jeg trodde slike vester skulle henge på Zaloflasken eller lignende, men det er godt mulig at jeg tar feil :)