lørdag 2. oktober 2010

Bursdagsfeiring i heimen

Eg har to prinsesser i huset. Den eine er 7 år, og den andre er endeleg 4! I dag kom dagen vi har venta på:)

Det har ikkje vore lett å få tips til kva ho kunne tenkt seg i gåve, stort sett sa ho berre at ho hadde lyst på badekar til dokkene. Og det fekk ho. Men kva meir?? Eg hadde kjøpt ein cd og noko klede, men i går spurte eg kva ho håpa skulle vere i pakkane i dag. Då kom ho raskt med barbiedokke, og så ein kjole. Kanskje den var rosa, eller gul, eller med prikkar, men i alle fall var det ein kjole med sving...

Så i dag var det berre å gå på shopping! Vi gjekk til Trådkråa, som har allverdens lekre garn, og barneklede. Det er den butikken eg legg att mest pengar på i kommunen, med unntak av matbutikkar:)

Er det rart at den vesle prinsessa vart fornøgd?
 

Vi hadde familieselskap i dag, med mange kjekke gjestar. Eg trur vi må invitere nokre born mandag, for bursdagsbarnet meinte at når små har bursdag, er det små som skal kome i selskap. Så det så.

Posted by Picasa

7 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer med overstått! Du kan fortelje henne at Olaug brukte badekaret til å bade kaninar i då ho slutta å bade dokker i det ...
Nydeleg kjole!

Vibekes lille ullne sa...

Gratulerer med datteren! Hun var riktig flott i kjolen, så det er ikke rart at hun er fornøyd! Ha en fin søndag! :)

Greta sa...

Grattis med vel overstått prinsessedag. Ser at jenta er kjempefornøgd. Barneselskap må man ha når man er 4 år det er klart.

Sidselsidserk sa...

Gratulerer med vel overstått feiring! Det var prinsessa som kunne svinge seg det - i en flott prinsessekjole.

Annika sa...

Gratulerer med overstått dag til F :) Det var ein herleg kjole - sånn var ikkje i nokon pakke her i går ;) Og du har heilt rett, Sindre har kome litt lenger, ganske nøyaktig 20 år lenger ;)

Ha ein flott søndag :)

Judit sa...

Gratulerer med overstått dag til prinsessa. Så nydelig kjole ho har fått!!

Frau Putz sa...

Gratulerer med den fine prinsesse.
Her i huset mangler vi aldrig ønsker. Emilie ønsker sig næsten alt i kataloget fra legetøjsforretningen ;) - og Andreas bliver glad, bare det har en motor, eller kan lave en masse larm/støj.
KH Karina