søndag 24. oktober 2010

Oppdatering, ja

Eg køyrer samla oppdatering!
 

Dei siste dagane har det vore full rulle:) No sit eg og ser på tv-aksjonen på NRK, og likar det eg ser. Det er stas å vere med på denne innsamlinga, og eg gler meg over at det kjem mykje pengar inn til Flyktinghjelpen. Elevane på skulane har vore flinke til å samle inn pengar på førehand. På den eine skulen samla elevane inn tomflasker og selde vafler på skulen. Nydelege vafler:) Og på "min" skule hadde elevane joggedag med foreldre, tanter og besteforeldre som sponsorar. Mykje pengar kom inn på den måten.

Vi har hatt muligheiter til å vere kulturelle heile den siste veka. I løpet av 10 dagar har det vore 9 flotte konsertar pluss ein del andre arrangement. Eg har vore på 4, og kosa meg på samtlege. Og så var eg litt stolt då Prinsessa "debuterte" med rytmeinstrument på ein song, på musikk- og kulturskulen sin flotte minimusikal. Veldig flinke elevar!

Kva meir? Jau, vi har hatt masse ver. Fleire dagar med snø og kald vind, og så regn dei siste par dagane. Det gjer ikkje noko at snøen ser ut til å smelte. I dag er det to månadar att til julaftan, og eg kan klare meg utan snø fram til det:)

Ser du maleriet på biletet? Tenk å bli møtt med dette innanfor inngangsdøra på skulen! Ahhh, endeleg morgon!

Ha ei fin veke!

Posted by Picasa

2 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Det kan ikkje nektast: Dokke hareidsdølingane er flinke på kultur! Kanskje vi kjem på same nivå vi på hi sida av Eidet når vi blir samla til ein kommune?

Brit Strikkenerd sa...

ÅÅÅÅÅ veldig misunnelig på deg som har vært på PUST konsert!!! De er bare heilt fantastisk!! Jeg gleder meg til helga for da skal jeg på øving med nystarta prosjektdamekorgruppe. That blir FUN!