lørdag 20. november 2010

På kalde dagar treng ein varme!

Det har vore ein nydeleg dag i dag! Strålande sol, 4-5 minusgrader, snøen dekker akkurat bakken. Eg såg born og vaksne leike på isen på Grimstadvatnet i dag, kanskje må vi gå ein tur dit i morgon?
Minstemor har fått seg ny lue, strikka i Frøyagarn til Frøya. Oppskrift er oppskrytt. Eg strikka etter innfallsmetoden;)

Men på dette prosjektet brukte eg oppskrift:
Du kan finne oppskrifta her, hos Strikkespinn. Eg hadde ikkje Sulka, og brukte dobbel Alfa. Det vart nok ikkje på langt nær så mjukt som det kunne ha blitt. Men eg strikka den to gongar, og det hjelpte.... Fyrste gong brukte eg pinne 9, men det vart for fast. Så då rekte eg opp att og brukte pinne 12. Det er nokså nær kosteskaft!


6 kommentarer:

Greta sa...

Stilig den hals greia eller kva eg skal halle den. Eg driv å strikker noe liknende. Prøvde emg på p 9. men måtte ha nr 12 eg og. det er litt ekkelt å bruke sånne pinner, men det går.

Hanne sa...

Åhh den så jammen meg god ut den halstingen, og alfa er jo digg da :D

gyldenkron sa...

Ja, det er jammen nær kosteskaft, eller staur. Flott ble iallfall halsen. Og lua og.

Wenche/chawo sa...

Så flott lue og hals,du har strikket

Hanne sa...

Så koselig at du deltar på konkurransen min :)

Fru Keilegavlen sa...

Flott hue og ein flott hals!! Desse varmar nok godt i vinterkulda.