onsdag 1. desember 2010

1.desember

Endeleg er det desember! Aldri er det lettare å få opp morgontrøtte jenter, og eg høyrer at det gjeld for gutar også;) Det er sååå spennende å opne dagens pakke i kalenderen! Og eg har til og med kalender sjølv.... Kanskje er det litt lettare å stå opp for meg også??

I dagens pakke frå Briti fekk eg kalenderlys, sjokolade og ein liten julepynt. Lyset fekk straks gjere jobben sin, og skal få halde fram med å telle ned til jul. Tusen takk, Briti!
Gjett om eg vart glad då eg fekk telefon frå Eurospar her om at eg hadde vunne fruktkorg! Eg såg før helga at dei reklamerte med at alle som kjøpte 10 appelsiner fekk eit lodd i trekninga av ei fruktkorg, og eg fann fort ut at det må vere gode vinnarsjansar på slikt. Kor mange er det som kjøper 10 appelsiner om gongen??

No har fruktkorga plass midt på stovebordet, med ein liten kniv og eit ruskefat ved sida. Og det forsvinn mykje frukt, ja:)Sunt og godt!




4 kommentarer:

karna sa...

innom på en titt, lenge siden sist. Mye fin strikking og koselig lesing. Heldig som vant fruktkorga, det er vel en sånn " en gang i livet". Vi gjorde vår unna på en skolejuletrefest for noen år siden. Ha noen gode adventsdager, titter innom igjen

Greta sa...

Å så flott pakke. Gratulere så masse med den.
Fin adventspresang også. Du har mykje å sjå frem til denne månaden du med kalender og. Kos deg videre i den skjønne midtvintersmånaden

tintin sa...

Gratulerer med gevinsten! Kos med slike overraskelser.Ha ei fortsatt fin adventstid :)

Alice sa...

Urettferdig!!! Ej også kjøpte ti appelsiner!!! ;)