tirsdag 7. desember 2010

Ånei.... Knust gåve!


Så kjedeleg! Eg har fått ein flott, stor kopp, med oppfordring om å ta nokre pausar i adventstida. Og eg ser at koppen er fin til gode pausar. Men eg trur ikkje den klarer å halde på noko som helst lenger. Ein eller annan gong i løpet av prosessen og vegen frå Briti til meg, har koppen blitt knust. Og det er godt gjort, for Briti var flink med innpakkinga!

No kan det sjølvsagt hende at nokon av dei eg bur saman med har vore litt for nysgjerrige, slik at pakken kan ha ramla i golvet eller noko slikt.

Uansett: Eg skal ta vare på tanken, og ta ein god pause med ein annan kopp;)

2 kommentarer:

Maria sa...

Å,det var trist ja. Tanken var jo så god. Du får finne deg en annen kopp,å krype oppi sofaen med både pledd og strikketøy,å ta livet helt med ro.

mimouna sa...

Så dumt da! Ser ut som en fin kopp. Men jeg sier som Maria, finn deg en annen kopp og ta deg en koselig pause med varm drikke uansett.

Ha en fortsatt god uke!