Eg ser at det blir fleire, for eg har ei på pinnane no, samtidig som ein kollega la inn ei bestilling på ei i dag...

Også i dag fekk eg pakke i adventskalendaren, og i dag fekk eg pynt som kan brukast på pakkar, og tre småsjokoladar. Pynten enda på kjøleskapsdøra, for det syns Gullungen var ein fin plass. Passar veldig godt der, eg må innrømme det!

Elles er det no ein dag igjen på jobb før eg kan ta juleferie. Eg kryssar fingrar og tær i eit håp om at vi ikkje skal bli sjuke. Høyr på dette: I dag var eg vikar for 2b. Der er det vanlegvis 18 elevar. I dag hadde vi 7 (sju, ja) elevar. 2a hadde 10 av 17. Det var i desse klassene det var verst, men eg trur at det må ha vore godt over 50 elevar borte frå skulen i dag, noko som inneber minst 25% fråvere. På ein naboskule var det ca 50% fråvere i dag.
Eg høyrer snakk om oppkast og feber, og VIL IKKJE ha denslags i hus. Prinsessa mi var ei av 10 elevar som var på plass i 2a. Hjelp meg med å krysse fingrane!!

1 kommentar:
Kjempefin lue. Ønsker deg en velsignet julehøytid. Huset her er fullt, alle barna er hjemme + forlovede(Johan) og samboer(Elise)
En stoooor juleklem fra meg
Legg inn en kommentar