mandag 27. desember 2010

Juledagar er fine dagar

Eg er her:) Men det er litt feriemodus i heimen, og dermed i bloggen også. Rart, det der.

I dag kom systra mi frå Sandvika heim på ferie, med mann og to eigne og eit lånt barn i bilen. Vi var inviterte på middag hos foreldra mine, saman med den yngste systra mi, sambuaren hennar og foreldra hans. Hjortesteik er ikkje feil.

Yngstemor er litt på halv åtte, ho likar seg best heime for tida. Kvar gong vi er på besøk hos familien, blir ho sutrete og vil heim. Ho er litt halvsjuk, så ho må vel få lov til det. Kanskje.

Uansett er vi stort sett inne, for det er kaldt ute (veldig kaldt til Sunnmøre å vere: Ca 11-12 minus er ikkje normalt her) og vi treng ikkje å provosere såre halsar.

Eg strikkar på ein tunika til Prinsessa, den har nesten blitt gløymt i alt anna dei siste månadane. Eg starta på den i haustferien, andre veka i oktober, så det er nok på tide å fullføre den...

Ha ein fin juleferie, for dei av lesarane som har det:)

4 kommentarer:

Greta sa...

Ha ei fiortsatt fin romjul der opp på sunnmøre. Og så kjem det seg sikkert med minstemor når alt kjem tilbake til normalen. blir så mykje ekstra som skjer og da er det tryggest heime. romjulsklem

gyldenkron sa...

Fortsatt god jul til deg og dine. Lykke til med fullføringen av tunikaen

Unknown sa...

Gleder meg til å se tunikaen ferdig. Du strikker så mye fint. Ha en fortsatt god romjul :-)

Strikkebesta sa...

Ja, godt med ei heil kvardagsveke mellom høgtidene:) Mykje kos her i garden også, men no blir det nok rolegare dagar i Srtikkebestahuset når mellomste jenta med familie har sett kursen austover til Oslo att. Tida skal brukast til blogging, strikking og turar i snøen:) -ja, og støvsuging av barnåler:)