torsdag 13. januar 2011

Det står til liv enno


Det er framleis vinter i landet. Det er eigentleg fint med litt kulde, så blir snøhola ståande nokre dagar. Den seig vel litt saman dei fyrste dagane etter at den vart bygd, men no står den trygt i 9-10 minusgrader.
Jentene og pappaen laga den sist laurdag, med to utgangar. Det betyr vel eigentleg at det er ein snøtunnel, ikkje ei snøhole. Men dei har bord, ringeklokke (bjelle) og innlagt lys. Stearinlys, ja.
Dagen etter måtte eg hjelpe til, for då ville utbyggarane ha ei opning til. Så då vart det meir som ei trafikkmaskin, litt inspirert av dei nye tunnelane under Oslo.... Eller kanskje ikkje;)

I dag har eg festa trådane på ei lue i pt5 og Kid Silk. Begge jentene vil gjerne ha denne, så eg veit ikkje heilt kvar den endar. No har eg for så vidt gjort det enkelt i skapet i gangen: Jentene har kvar sine korger til sokkar og vottar, men ei felles korg til luer. Det var ikkje plass til fleire korger, og dessutan har dei like store luer og kan bytte på kven som brukar kva.
Eg likar denne typen lue. For det fyrste går det fort å strikke, med dobbelt garn, og så blir det lett ei lue av det... Eg startar med pannebandet, strikkar til eg syns det er langt nok, og så plukkar eg opp masker langs kanten. Då er det greitt å plukke opp mange eller færre, etter kor vid du vil ha lua i toppen.


3 kommentarer:

solveig sa...

Koseleg snøhole!
Her bygde to syttenåringar seg ei hole ein ettermiddag.

Greta sa...

Hei. art reint nostalgisk av det bilde fra snøhula/tunnelen. slike lagde v da vi var barn og. Og eg har noen sånne bilder fra da mine barn var små. det er berre stas med sånne snuhuler :0).
flott lue og veldig enkel. Kva er vel betre enn det. ha ei flott helg vennen

Fra det lille røde huset.. sa...

Hei hei!
Kjempesøt lue, ...og så hørtes den enkel ut å strikke!
Såå koselig med snøhule/tunell... Ja det er alltids noe å finne på ute, når det er snø!

God helg!